Ein heilt vanleg start på dagen her i Salvador. Nett her på denne solsenga, med saft frå vassmelonen rennande nedover haka og rørslelæreboka trygt plassert i fanget, starta eg dagen. Ja, eg er ein smule heldig.
Viss eg og Mia skulle ha vore i flaskeform i staden for menneskjeform, ville vi heilt klart ha vore desse to flaskene. Mia som eplevatn til venstre og eg som pasjonsfruktvatn til høgre. Noko så godt skal ein leite lenge etter.

AFRODANS. Noko merkeleg, men veldig morosamt. Nokre av trinna gjekk blant anna ut på å sitte på golvet og late som vi helte vatn på oss sjølve. Dette er jo noko eg ofte gjer på "Mocca" i Kristiansund, så det var ikkje noko problem. Den einaste musikken vi hadde kom frå to trommisar som satt heilt framme i salen og rocka. På biletet under ser du dei to trommisane, meg, danselæraren og Mia.

Som du kanskje har lagt merke til, så har eg skrive dette innlegget på nynorsk. Dette til ære for Kristina, pappa og Ivar Aasen. Og litt fordi eg vil prove at eg er ein jævel i nynorsk.
haha, nynorsk?! morsomt! Pasjonsfrukt vann hørtes forresten utrolig godt ut :-D
SvarSlettsv: JAAA, selvfølgelig skal vi ha sjokoladejulenisse-date i jula! Jeg kommer hjem den 20desember klokka 20.00 ;-D GLEDER MEG SYKT TIL JULA ! ;-*
Når kommer du hjem egentlig?
Ser svært deilig ut ja, men hvordan går det med lesingen?
SvarSlettKlem kit
vatnmelon?
SvarSlettEr det noe galt med vatnmelon?
SvarSlettde heite VANNMELON på nynorsk og kjære oda:)
SvarSlettdu er fin i den nye bikinien din foresten;)
Nei Lisa, det heter VATNMELON. Sorry mac. I lige måde du, kokosnøtter kler deg;)
SvarSlettNår kommer du hjem egentlig? ;p
SvarSlett